Lys brun og mørk bru hunnkatt var savnet i Bergen

- Navn
- Tirna
- Var savnet
- 17.11.2022
- Område
- Valle, Osvegen (Bergen)
- Adresse
- Osvegen, 116B, 5227 NESTTUN
- Rase
- Katt, Norsk Skogskatt
- Kjønn
- Hunn, sterilisert
- Pels
- Lang, tigerstripet
- Farge
- Lys brun og mørk bru
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Norsk skogskatt, med lang, tjukk og mønstrete/tigerstripete pels i lysebrun og mørkebrun.
Pelsen er barbert i eit lite område oppe på venstre side av baken og nokre cm oppover venstre sida av halen, etter ei medisinsk prosedyre for eit par veker sidan.
Gyldne/gule auger.
Ganske stor katt, ca 6 kg.
Tillitsfull og kjælen, men kan vere litt sky når ho er ute.
Ho er merka med chip i nakken.
Historie
Heimekjær utekatt som ikkje kom heim etter ein av sine vanlege turar. Ho har aldri vore vekke so lenge før.
Enden på visa
Vår kjære Tirna er død, og vi fekk ho heim.
Ho vart funnen død på gang-og sykkelvegen nær heimen, av forbipasserande. Vi leita der kvelden før ho vart funnen. Ho har komt seg dit og døydd der i løpet av natta. Ho hadde kvistar og rusk i pelsen, som stemmer med buskene like ved. Ho har truleg blitt påkøyrd i hovudvegen rett ved sidan av, gøymt seg i buskene i to døgn og krøpet fram kort tid før ho døydde.
Undersøkt av fysioterapeut, som fann brudd i venstre lårbein, og at magen var større og hardare enn den skulle vere. Det skal store krefter til for å bryte lårbeinet.
Konklusjonen vart påkøyrsel i relativt stor fart, med treffpunkt på venstre side av bakkroppen, som resulterte i lårbeinsbrudd og indre skadar/blødningar. Skadane gjorde ho ute av stand til å gå, og var so store at ho døydde av det.
Ein forbipasserande varsla på Facebooksida til eit sameie i nærleiken, og ein snill nabo vidaresendte meldinga til meg.
Før eg rakk ut å sjekke, kom ein annan snill nabo på døra med den døde katten vår.
Tusen hjerteleg takk til alle som har vist omtanke, og som har hjulpet til med leiting og funn.