Kvit og oransje hannkatt var savnet i Lillehammer

Annonse-ID: 120119 | Område: Søre Ål, Skogen sør | Var savnet: 14.12.2023 | Oppdatert: 18.12.2023 17:17
Del

Navn
Sigfus
Var savnet
14.12.2023
Område
Søre Ål, Skogen sør (Lillehammer)
Adresse
Galterudbekken 24, 2614 LILLEHAMMER
Rase
Katt
Kjønn
Hann, kastrert
Pels
Lang, tofarget
Farge
Kvit og oransje

Beskrivelse av utseende og kjennetegn

Relativt stor hannkatt, enno ikkje heilt utvaksen. Konstant tung i pusten og snorkar som ein gamal gubbe (men ingenting feil, ifølgje veterinær).

Store potar, flott «revehale». Sosial og tillitsfull, koser gjerne med framande. Pratsam, med mykje «prrrrt».

Pelslengde: mellomlang, men kan sjå lang ut på avstand. Stort sett oransje pels i øvre del av andletet og kvit i nedre del, men haka/underkjeven er oransje/brun. Pene, brune auge.

Historie

Katten er ganske ung (ca. 1 år) og har den siste månaden fått gå ute åleine med GPS, etter å ha gått i band lenge. Han tek normalt korte turar (maks 1–2 timar) i nærområdet, men torsdag 14. desember kom han ikkje inn på kvelden, og han er framleis borte. Vi trur han har blitt innestengd ein stad.

Enden på visa

Eigar fann katten etter fire dagar, under en naboplatting ca. 30 meter frå heimen. Det var der GPS-signalet forsvann, og eigar hadde derfor leita på staden mange gonger, men utan resultat. Prøvde igjen, brukte god tid og hadde med ein open boks med tunfisk som gjorde at husstandens andre katt også var på staden. Katten var litt pjusk, men ser ut til å ha klart seg fint.

Kartposisjon


Del