Kvit og svart hannkatt var savnet i Bergen
- Navn
- Ole thomaz
- Var savnet
- 18.04.2013
- Område
- Indre Arna (Bergen)
- Adresse
- Revahjellane 119, 5261 INDRE ARNA
- Rase
- Katt, Huskatt
- Kjønn
- Hann
- Pels
- Kort, tofarget
- Farge
- Kvit og svart
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Har ein svart flekk på hovudet som dekker eine auget og øyret, samt halve toppen av hovudet. Svart hale med litt spreidde kvite hår, ellers kvit med to svarte flekkar på nedre del av ryggen og litt svart på beina.
Historie
Pus forsvant ut i bakhagen og opp i skogen på kvelden, og kom ikkje tilbake. Han er kvit med svarte flekkar, korthåra, fullvaksen, kosete og vant med folk. Håper nokon har sett han i området og tek kontakt!
Enden på visa
Me fekk telefon frå ei dame den 16. mai som hadde sett plakaten på butikken og var sikker på at ho hadde sett katten vår i eit nabolag rett ved. Me drog dit, og fann han i solveggen ved ein mur, men han var blitt ganske sky og slapp oss ikkje bort til seg. Etter tre dagar og mange timar med venting, gjekk han endeleg i fella i dag, 19. mai. No er han heime og nyt å få mat, kos og å bli børsta :D Tusen takk til Dyrebeskyttelsen i Bergen og damene der som har vore med meg på "jakt". De gjer ein kjempejobb!!