Grå, kvit og litt br hunnkatt ble funnet i Lindås
- Navn
- Kallar han litle-løva
- Ble funnet
- 29.06.2010
- Område
- Nordhordland (Lindås)
- Adresse
- Herland, 5912 SEIM
- Rase
- Katt, Muligens skogskatt
- Kjønn
- Hunn
- Pels
- Lang, tricolour
- Farge
- Grå, kvit og litt br
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Søt liten hokatt, ganske langhåra, og kan vere ekte skogskatt, men kan også vere blanding. Ganske kvit framme, ellers mørk grå på ryggen, og kvite striper på sidene framme, med litt brunt i. Veldig leiken, og trass i ung alder ser den ut til å ha lite forståelse for korleis oppføre seg med andre kattar. Klorar ikkje folk.
Historie
Bror min fann katten ca. 30. juni, på Herland. Han gav katten mat, den bar preg av å ha vore aleine ei stund, for den var veldig tynn. Familien hans kom heim for ikkje så lenge sidan, og der er ikkje katten ønska lenger, så no bur den hos meg og mine fem andre kattar. Det går litt dårlig, mine kattar er ganske sjalu av natur, og kattungen er lysten på kontakt etter kvart. Er redd den eller nokon av mine skal stikke av, desverre.
Enden på visa
I går, 16. august, kom bror min på døra her heime med dei som saknar katten. Kattungen hadde stukke av under eit torever, funne vegen til Herland - så langt var det ikkje, fann vi ut - og der vart han verande. Men no er kattungen tilbake der han høyrer heime, m.a. med ei lita jente som såg ut til å vere ca. eit og eit halvt år og som var veldig ivrig på å klappe. Alt endte bra til slutt, det hender det også, heldigvis. Må innrømme at eg saknar kattungen litt også, sjølv om mine kattar ikkje synest det er noko vettugt.