Svart kvite markerin hunnkatt var savnet i Ålesund
- Navn
- Silke
- Var savnet
- 09.06.2015
- Område
- Hankane, Tørla, Ålesund kommune. (Ålesund)
- Adresse
- Vestre Høgvollvegen 11, 6018 ÅLESUND
- Rase
- Katt, Huskatt, langhåra.
- Kjønn
- Hunn, sterilisert
- Pels
- Lang, tofarget
- Farge
- Svart kvite markerin
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Silke er ein snart 9 år gammal, litt liten og forsiktig/litt sky langhåra svart hokatt m kvite labbar, og to kvite fllekkar på magen og ein på bringa og halsen opp til overleppa. Værhåra er kvite, og pelsen er silkemjuk, og ho har stor buskehale, labbane er små og nette. Ho er barbert på magen der ho har sår/arr etter sterilisering å ho hadde fått utført. Ho hadde rosa reflekshalband m bjelle og mobilnr og adresse påskreve då ho forsvann.
Historie
Silke greidde å stikke av etter sterilisering ved veterinær på Indre Hankane. Ho sprang over ei mark og rett på skogen. Vi følgte etter men mista ho av syne etter ei stund inne i den tette og våte skogen. Vi leita i timesvis den kvelden. Dagen etter la vi ut mat i nærleiken av der ho sprang på skogen og fortsette m det i 10 dagar. Vi leita dei neste 10 dagane kvar dag i skogen og området rundt og ned til sjøen, både Indre og ytre Hankane. Ho blei antakeleg opservert ved i iallfall 2 tilfelle etter nokre dagar i helga. Vi har hengt opp etterlysningar m bildet i heile området, og også leita m lokalkjente folk. Silke var rolig, men tydelig redd etter operasjonen då vi skulle hente ho.
Enden på visa
Silke blei sett i båthavna v Kjerringsundet på Tørla etter 46 dagar . Eg fikk fleire telefonar den søndagen, tok bilen å kjøyrde dit, leita og ropte og sette fram mat. Så sendte eg ein tankebesked frå hjertet at eg var der og venta på ho, og sette meg å lese i fineværet. Etter ei stund såg eg opp, og der sto ho eit par meter frå bilen. Det var rett i famn, og kos og male litt