Kvit/grå/lys brun hunnkatt var savnet i Vestland
- Navn
- Fiona
- Var savnet
- 29.04.2011
- Område
- Grimo (Vestland)
- Adresse
- Langesæter Indre, 5777 GRIMO
- Rase
- Katt, Huskatt
- Kjønn
- Hunn
- Pels
- Lang, tricolour
- Farge
- Kvit/grå/lys brun
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Litt sjenert overfor ukjende folk.
Historie
Fiona plar ikkje gå langt frå huset, men no har ho vore borte lenge. Dersom du har sett henne, ver så snill og ta kontakt med meg.
Enden på visa
Katten min Fiona har eg hatt sidan eg var 9, og eg er ubeskriveleg glad i henne. Sjølv har eg flytta ut, men kattane bur heime på garden hjå mine foreldre, der dei lever eit trygt og bedageleg katteliv. Men innimellom tek gamle Fi ut på tur og kan bli lenge borte, noko som gjer like vondt kvar gong. Då Fi var sakna i 2 1/2 mnd frykta me at ho var borte for alltid, sidan ho byrjar å dra på åra (14 år), og det ikkje er usannsynleg at ho ein dag bestemmer seg for å gå ut og ikkje koma inn att. Så kom den seine junikvelden då eg kom heim frå ei lengre reise. Det var ein varm sommarkveld, vindauga sto oppe, og familien sat samla og prata til langt på natt. Det var då eg skulle leggja meg den natta, at eg høyrde ein umiskjenneleg lyd frå utanfor soveromsvindauga mitt som fekk heile meg til å stivna. Det var sjølvaste Fi som sat der og mjaua sine vande mjau. Å sleppa henne inn og ta den tynne, skitne katten i armane mine var ei ubeskriveleg kjensle, ho mòl og eg grein. Me sat saman til langt ut på morgonkvisten, Fi og eg, og ho fekk mat i små porsjonar om gongen og orden på pelsen. Ho var skinn og bein og full av skit. Kvar ho har vore heile den tida, får me aldri vita, men aldri før har eg vore så lukkeleg. At kjære, gamle pus skulle koma heim akkurat den kvelden då eg kom heim frå reisa mi, er nesten til å bli religiøs av. Fi har slått seg heilt til ro igjen no, og føretrekk meir og meir å vera inne på sine eldre dagar,og nektar nærast å gå ut. Det er kanskje til det beste :)