Svart og kvit katt ble funnet i Bergen

Annonse-ID: 73342 | Område: Klosteret/Nøstet/Sydnes/Nygårdshøyden | Ble funnet: 08.04.2018 | Oppdatert: 11.05.2018 01:50
Del

Ble funnet
08.04.2018
Område
Klosteret/Nøstet/Sydnes/Nygårdshøyden (Bergen)
Adresse
Claus Frimann gt 1b, 5011 BERGEN
Rase
Katt
Pels
Lang, tofarget
Farge
Svart og kvit

Beskrivelse av utseende og kjennetegn

kvite potar og kvit på brystet, elles svart. Rufsete, matt pels. Skitten på potane.

Historie

Ein svart og kvit langhåra katt har gått lenge (minst eit halvt år) rundt i nabolaget mitt. Eg har endeleg fått litt kontakt med han, og matar han når eg ser han. Eg trur det er ein hannkatt, men er ikkje sikker. Han har halsband, men eg har ikkje fått lov til å komma så nærme enno.
Han er pjuskete og skitten, og haltar av og til. Han beveger seg over eit relativt stort område.
No er me fleire som prøver å mata, samt kartleggja kvar han går, slik at me kan greia å fanga han i ei felle, sjekka om han er chippa, evt finna ein ny heim til han dersom me ikkje finn eigar, samt få han til veterinær for helsesjekk.
Trur du dette kan vera katten din? Har du observert han? Ta kontakt!

Enden på visa

Eg og fleire engasjerte naboar sette opp felle, og fekk fanga han inn. Dyrebeskyttelsen Bergen stod klar med veterinær og fosterheim, så no er han trygt i hus :)
Han var ikkje chippa, og halsbandet han hadde på var berre eit flåtthalsband.

Kartposisjon


Del