Svart og kvit hunnkatt var savnet i Bergen
- Navn
- Maripus
- Var savnet
- 06.08.2020
- Område
- Myrholtet (Bergen)
- Adresse
- Porsveien 27, 5142 FYLLINGSDALEN
- Rase
- Katt, Skogskatt
- Kjønn
- Hunn, sterilisert
- Pels
- Lang, tofarget
- Farge
- Svart og kvit
Beskrivelse av utseende og kjennetegn
Veldig sosial og kosete, ganske tynn.
Historie
Her lim eg inn det eg skreiv på Facebook.
Har nokon sett Maripus? Ho har vore borte sidan torsdag.
Maripus er ein veldig sosial katt som likar å bestemme sjølv. Ho har sansen for å gå på besøk til folk. Det gjer ho gjerne om me går ut ein tur. Sjølv om veterinær seier det ikkje er noko gale med ho, og sjølv om ho alltid har mat heime, er ho ganske tynn. Me får stadig vite om nye folk som vil vere snill med ho og som gjev ho mat. Me mistenkjer at ho har flytta inn til nokon andre der ho får både mat og kos.
Me veit at ho likar seg godt i Askeladdveien. Der har me leita, men det er ikkje mogleg å sjå ho om ho er innomhus.
Me saknar den eigenrådige katta vår.
Enden på visa
Fann katten i ei Facebookgruppe for sakna kattar. Ho var i nabolaget som me hadde mistenkt. Chippen i nakken har slutta å fungere og ho har nok ikkje kome seg inn. Ny chip og sjekk hos dyrlege står for tur.