Svart, kvit og raud hunnkatt var savnet i Øystre Slidre

Annonse-ID: 95656 | Område: Skammestein | Var savnet: 17.08.2020 | Oppdatert: 20.10.2020 11:51
Del

Navn
Kaptein kokkos
Var savnet
17.08.2020
Område
Skammestein (Øystre Slidre)
Adresse
Bygdinvegen 2853, 2950 SKAMMESTEIN
Rase
Katt
Kjønn
Hunn, sterilisert
Pels
Kort, tricolour
Farge
Svart, kvit og raud

Beskrivelse av utseende og kjennetegn

Kokkos er 4 år gamal, sky som berre det men er eigentleg ein kosekatt.
- Ho er skipskatt (derav namnet) med tydelege tomlar og fleire ubrukelege klør her og der.
- Tricolor pels - mest svart, kvit på undersida og flekkar av raude og oransje striper.
- Ho er/har vore tjukk og har difor hengemage. Mistenker at nokon andre har fora ho sidan ho aldri gjekk ned i vekt.
- Ho misliker sterkt å bli klappa mellom øyrene og vil sky unna eller legge seg paddeflat på bakken.
- Vil kansje reagere på desse kalleropa: "Pspspspspssss" og eit høglydt "Prrrriiin"

Historie

Kokkos vart siste sett 17. august. Ho har vore mykje ute i somar og var vekke eit par dagar ei veke før ho forsvann for godt. Det har vore mykje bråk med ein rufsete hannkatt i nabolaget denne somaren som har påvirka våre to kattar mykje. Vi har på grunn av dette ikkje kunne ha satt ut mat på natta. Kokkos har reagert ved å reise mykje rundt og ho andre tør knapt gå ut av døra.

Enden på visa

Etter fleire oppringingar dei siste vekene om observeringar der eg reiste dit ho vart sett og ropte etter ho, så kom ho heim medan eg var ute og ropte i nabolaget i går. Ho var vekke i 2 mnd og har gått frå overvektig til normalvektig og er intenst opptatt av mat. Ho har fått markkur og kokt kylling, i passe mengder. Og mykje, mykje kos.

Kartposisjon


Del